|
Borgund Stavkyrkje frå år 1150.
Stavkyrkja er bygd kring år 1180. Kyrkja er svært godt bevart, og er den
mest særmerkte av dei 28 norske stavkyrkjene.
Open mai - september.
Fortidsminneforeningen, som eig stavkyrkja, har fått bygd eit eige
besøkssenter 100 m frå stavkyrkja. I senteret får du informasjon om den
norske stavkyrkjearven og den religiøse historia.
2.
VINDHELLAVEGEN
Vindhellavegen går mellom Husum(309
moh) og Kyrkjevoll(400 moh). Den vart bygt i 1793 og utbetra i 1843. Høgste
punktet på vegen ligg 470 meter over havet.
3.
SVERRESTIGEN
Sverrestigen er ein godt merka
turløype som startar vel 100 meter framom Vindhellavegen. Ein sideveg fører opp til utsiktspunktet
Klanten 593 moh og passerer
fjellgarden Tråo.
4.
ØYGARDSVEGEN
Eldre
veg som fører nedover mot Sjurhaugsfossen og vidare nedover forbi Galdana
til Seltun.
5. SJURHAUGSFOSSEN
Her
kan ein stundom sjå laks som hoppar i fossestryket. Det er bygt laksetrapp som gjer det mogleg
for laksen å koma seg forbi.
6.
GRIMSØYN
Eigedommen har vore i slekta sia
1860. Husmannsplass fram til 1923. Etter
det tok ein av sønene over og det vart eige bruk. Gardsdrifta held fram til
om lag 1970. Etter det har det vore nytta som feriebustad.
TILBAKE
|